Trua er den viktigaste drivkrafta og motivasjonen for Nordfjordsommar. Her er det rom for å søkje nærmare han som alltid søkjer oss.
Trua på Jesus er den viktigaste drivkrafta og motivasjonen for Nordfjordsommar. Gjennom familiesamlingar på morgonen og vaksensamlingar på kvelden vert det tid og rom for å søkje nærmare han som alltid søkjer oss og som ønskjer å gje oss liv, fridom og glede.
Vi er eit fellesskap der du kan vere akkurat slik du er — anten trua di er sterk eller svak, lita eller stor. Det åndelige fellesskapet i løpet av veka vil gje trua næring gjennom forkynning, lovsang og bøn.
Når vi er på tur, skjer det noko når vi slår leir. Vi stansar. Vi pakkar ut. Vi deler mat og historier rundt bålet. Tempoet roar seg litt ned, og vi får auge på det som faktisk er der — naturen, menneska rundt oss, og kanskje også Gud.
Slik kan takknemlegheit òg vere. Ikkje først og fremst ei kjensle vi skal presse fram, men ein måte å møte livet på. Ei haldning som kan vekse fram når vi oppdagar at livet er fullt av gåver — også midt i det som er krevjande.
I Bibelen møter vi menneske som møter Jesus på ulike stader i livet: i glede, i tvil, i skam og i håp. Hos fleire av dei veks det fram noko som liknar takknemlegheit — som ei haldning, eit val og etter kvart ei ny retning for livet.
Denne veka skal vi lese nokre slike forteljingar. Og kven veit — kanskje vi saman, i vår leir, kan lære noko om å leve med takk?
Å oppdage takknemlegheit — vi kjem saman, slår leir og opnar oss for det som ventar.
Takk — også når det er tungt. Å finne det å takke for sjølv i krevjande stunder.
Takk for deg! Å sjå kvarandre og vere takksame for dei menneska vi er saman med.
Takk som vender tilbake. Om å omvende seg og finne vegen heim til seg sjølv og Gud.
Å ta takken med seg vidare. Korleis ber vi med oss det vi har erfart inn i kvardagen?
Alt er nåde — alt er takk. Avsluttingsgudstjeneste med nattverd.
Sandane, Gloppen. Mellom initiativtakarane til Nordfjordsommar. Brennande opptatt av forkynning og innhald.
Svorkmo, Trøndelag. Eit oppkomme av energi og kreativitet i møte med Guds ord.
Froland, Aust-Agder. Kombinasjon av energi og ro i møte med det levande ordet.
Nordfjordsommar handlar ikkje berre om oss som er her på leir saman. Det handlar om andre òg — til og med andre i andre land.
Jesus gav sine vener eit oppdrag om å invitere alle folkeslag inn i fellesskapet med han. Det er vi bevisste på at òg er ein del av vårt oppdrag — å utvide fellesskapet.
Gjennom misjonsaktivitetar og kollektar får vi på Nordfjordsommar bidra til at Jesu store draum kan bli verkelegheit: At alle skal få sjanse til å møte han og kome til tru på han.
Under leiren vert det organisert misjonsaktivitetar og kollektar til Normisjon sitt internasjonale arbeid. Meir info kjem.