Kortreiste friluftslivsopplevingar som gjev mestring, undring og ro — tilpassa heile familien, store og små, supersprek og ikkje fullt så sprek.
Vi ønskjer å tilrettelegge for at heile familien — små og store, supersprek og ikkje fullt så sprek — skal oppleve mestring og livsglede i det enkle friluftslivet. Naturen rundt Gloppefjorden er ei unik ramme for akkurat dette.
Ungdomane (dei som byrjar på ungdomsskulen og oppover) får eit eige tilrettelagt opplegg, slik at dei får vere — ja, ungdomar. Opplegget deira tangerer resten av oss ved fleire turar, så det er ikkje slik at vi ikkje skal sjå dei.
Tilrettelagd for familiar med born i alle aldrar
Eige opplegg med klatring, sykling og meir
Kort og lang rute kvar dag — du vel sjølv
Alle turar har eigne erfarne turleiarar
Alle dagane kan du velje om du vil gå kort eller langt. Nokre turar er vêravhengige — vi informerer alltid i god tid dersom planen endrar seg.
Jardalen er ein sidedal vi ikkje har besøkt tidlegare. Bomveg, bra med p-plassar. Alle kan gå i lag til ein av støylane i området, og så kan ein fortsette til topps for dei som ønskjer det.
Sjå nærmare beskrivelse på ut.no
Merk: Parkeringa er krevjande for mange bilar — parker systematisk og tett. Ta med nok kle, det kan bli regn.
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Duis semper ligula arcu, viverra tempus diam vehicula vitae. Mauris a libero a purus congue pellentesque. Aliquam erat volutpat. Nunc id finibus elit.
Proin eget tellus posuere, finibus lorem vestibulum, laoreet lacus. Vestibulum commodo augue in elementum cursus.
Hugs: Utstyr til å pynte elvebåten din\! Fiskestang. Badetøy. Om du vil sykle heim — ta med sykkelen.
Ein dag til fri bruk! På ettermiddagen er det fotballturnering med misjonsfokus! Elles er det opp til deg — utforsk skulen og nærområdet, kvil, fisk, sym eller leik.
Trivselsskolen og TIN-campen
Flott turområde med tuftepark og fosseteater i nærleiken.
Gloppestadfjøra
Flott badeplass og friluftsområde ved fjorden.
Nokre av turane er vêravhengige. Ved dårlege vêrforhold endrar vi anten rekkefølga på turopplegget, eller skiftar ut turen heilt. Du får alltid beskjed i god tid.
Vi har ferdig avtalte reserveplaner med flerbrukshall, klatrevegg og eit vakkert tilrettelagt turområde med TIN-camp, tuftepark og fosseteater.
Skulen har kajakkar og stisyklar som vi nyttar i fellesturar der det er mogleg. Evt. ønske om eige bruk utover dette må avtalast på skulen.