Kva er Nordfjordsommar?

Ein festival for heile familien

Nordfjordsommar samlar born, unge og vaksne til fem dagar med friluftsliv, tru og fellesskap i vakre Nordfjord — arrangert av Normisjon, KRIK og Nordfjord Folkehøgskule.

Tru

Trua på Jesus er drivkrafta. Gjennom familiesamlingar og kveldssamlingar dyrkar vi fellesskapet med Gud gjennom song, forkynning og bøn.

Natur

Naturen rundt Gloppefjorden dannar ramma. Kortreiste friluftslivsopplevingar som gjev mestring, undring og ro — tilpassa alle aldrar og nivå.

Fellesskap

Gud har skapt oss til fellesskap. Vi ønskjer ein festival der det er enkelt og godt å høyre til — i dei tette relasjonane og i dei store romma.

Ein typisk dag på leiren

Her er ein smakebit

Glimt frå Nordfjordsommar — frå morgonsamling til kveldskro

Morgon

Frukost saman med nistesmøring til turen. Storsamling for heile leiren med song, musikk og fellesskap.

Dag

Dagstur i nærnaturen rundt Gloppefjorden — du vel sjølv kor langt du vil gå. Eigne opplegg for ungdomane.

Kveld

Middag, kveldssamling og kveldskroen ved bålet — ein god stad å la inntrykkene frå dagen lande.

For kven?

For heile familien — og enkeltpersonar

Nordfjordsommar tek imot familiar med born i alle aldrar, unge og vaksne. Anten du kjem med ryggsekk og telt eller bur inne på folkehøgskulen, er du hjartelig velkommen.

Festivalen er tilrettelagd slik at dei minste borna, foreldre og ungdomar alle opplever mestring og glede på sine eigne premisser.

Stad: Nordfjord Folkehøgskule, Sandane i Gloppen
Dato: 2.–7. juli 2026
Kapasitet: 150 deltakarar

Arrangørar

NORMISJON
KRIK
NF FOLKEHØGSKULE
Bli med!

Klar for årets vakreste sommereventyr?

Vi har 150 plassar, og dei går fort. Påmelding skjer via KRIK sine nettsider. Påmeldingsstart er 14. mars kl. 10.00.

Meld deg på her →

Påmelding via KRIK.no

Utforsk

Finn det du leitar etter